Draumar i krysseld

Sigrun Slapgard

Draumar i krysseld (1989)

Sigruns Slapgard & Aslak Aarhus



Bak frontlinene i Mellom-Amerika og sørlege Afrika.


Draumar i krysseld skildrar menneske undervegs i to av verdasmest urolege område: Mellom-Amerika og sørlege Afrika. I levande bilete av ord og foto trer aktørane fram: gerilja- og leigesoldatar, prestar og bomullsplukkarar, gategutar ogboar-farmarar i femte generasjon. Her er sprudlande smil, lukt av guavafrukt, doble røyksignal og bål i tropenatta.


I ei årrekkje har Sigrun Slapgard og Aslak Aarhus reist bak frontlinene i Mellom-Amerika og sørlege Afrika. Som journalist og fotograf har dei samla inntrykk frå desse reisene i denne personlege og vakre reporatasjeboka.