Eg har sett jaguaren. Latinamerikanske historier

Eg har sett jaguaren. Latinamerikanske historier (2018)

 

I "Eg har sett jaguaren. Latinamerikanske historier" tek Sigrun Slapgard oss med på reisene sine på dette valdelege kontinentet. Dette er historier som aldri har sleppt tak i Slapgard, og som har blitt del av hennar eige liv. Ei sterk og personleg bok om mot og kraft, lys og mørke.

 

Frå 1960-talet og fram til i dag har ordet forsvinne skapt politiske avgrunnar og personlege tragediar på det latinamerikanske kontinentet. Som NRK-journalist har Sigrun Slapgard fortalt om menneske i sentrum av dramatiske hendingar. I denne litterære dokumentaren går ho enda tettare på menneske som står opp mot overmakta, som risikerer livet for å få til endring.

 

Sigrun Slapgard tek oss med til El Salvador, der kodar og forkledning er kvardagen, men også døden, inn i den colombianske jungelen for å møte FARC-geriljaen i den nye, skjøre fredstida, og til Buenos Aires, der bestemødrer no opplever underet med at bortførte barnebarn kan dukke opp igjen tretti år etter militærdiktaturet.

 

Copyright © All Rights Reserved